LateBloomers.no på Facebook



 

 


 

 

 

Berlin...

Byen som gir dei fleste fetisjar eit ansikt.

Mi tilknytning til Berlin, vart eigentleg innleia sommaren 2007.
Ferien min skulle berre vara i ei veka, men vart utvida til 10 dagar. Sidan har det vorte ein del besøk. Grunnen til det er ikkje berre at Berlin er ein by eg trives i, men først og fremst ein mann frå Berlin, som eg møtte 3. kvelden.

Personen Michael er ein svært klarert person, og gode kjensler oppstod fort. Staden vi møttest på, ville nok fått Biskop Hagesæter til å stilla sitt norske statsborgarskap i midlertidig bero, om den eksisterte i Norge. Her hadde ingen ein gong heva eit augnebryn om heile bispekollegiet kom nakne. Og dette er jo også Berlin. Mange utestadar som "ingen har vore på", men som stort sett er stappfulle.

Og kva anna er det så som gjer Berlin til ein så spesiell by?
For det går ikkje an å sei at dette er ein fin by. Den bær tydeleg preg av å vera bygd opp over ein ruin. Sjøl om her er arkitektitoniske perler, og Unter den Linden er ei praktgate, er heilskapsintrykket rotete. Nytt og gammalt om einannan. Midt i sentrun er det fleire område som rett og slett ikkje er noko anna enn vilniss, eller ikkje er noko i det heile. Og skilnadane mellom aust og vest, frå før muren fall, er enno godt synlege.

Kanskje er det kontrastane som gjer byen så spesiell?
Og det gjeld også innafor dei skeive miljøa. Det vakre og vulgære synes å vera i fredeleg sameksistens.

Eg har hatt nokre av mine sterkaste opplevingar på gudstjenestene som eg har vore med på her i HUK.

Eg har og opplevd det fullstendig motsette, som til dømes på ein fuktig barrunde andre kvelden min i byen. På ein av utestadane fekk eg utdelt 2 latex-hansker når eg hadde betalt inngangspengar…..

Og sidan vi no er inne på det litt bizarre, finn du det mest kjende, og visstnok største varehuset i Europa her, KaDeWe. Det ligg på Wittenbergplatz. Eg har gått her i mange timar, og det er ikkje berre fordi eg ikkje har funne utgangen. Det er faktisk ikkje lett. Vareutvalet er enormt (inkludert brunost) og eksklusivt, så du milde mammon.

Om du er i Berlin saman med partner eller kjæreste, så gå aleine på KaDeWe. Dersom du ikkje finn eit innkjøpsobjekt her som kan danna grunnlag for storkonflikt, fungerar ikkje parforholdet.
Her er høg tuntenfaktor, mykje tuntenbarock og eigen etasje med tuntenwasser. Ordet ”tunten” er forresten noko negativt lada, så ikkje bruk det i utrengsmål.

Rett over gata, ligg kafeen Hardies, med gode og billege kaker. Det er ein god stad for forsoning etterpå. Og dette med ” Kaffee und Kuchen” om ettermiddagen er eit fast innslag i Berlinferien.

Eit anna forhold som gjer Berlin spesiell, er at byen har store grøntområder heilt inn til bykjerna, og desse er ikkje raserte. Byen har visstnok det same innbyggartalet som Paris, men arealet er 10 gongar så stort. Visste du forresten at Berlin har langt fleire kanalar enn både Amsterdam og Venesia? Ein båttur på ein av desse tar eit par timar, og er å anbefala.

Om du vil ha deg ein roleg dag, og oppleva noko anna enn sentrum, kan du ta U-bahn til Alt Tegel. Så går du mot Tegeler See, tar ein båttur, eller ein spasertur, og du vil oppleva eit anna Berlin, enn det du gjer i sentrum. Her møter du få turistar.
Og for dette kjøper du eit dagskort (6,1 Eur) som gir deg anledning til å reisa fritt med både U-Bahn, S-Bahn, buss og ein del av fergetrafikken på innsjøane, i heile Berlin.

Byen har og mange og store sjøar godt egna for badeliv, samstundes som den absolutt er storby, med sine 2 sentra; det eine i området som heiter Schøneberg og det andre rundt Unter den Linden. Det er også fleire homosentra, som du treng U-bahn for å bevega deg mellom. I hovedsak er  dette Schöneberg og Prenzlauerberg. Schöneberg, er mest for eit modent publikum. Prenzlauerberg er nok for dei yngste.

Segregering er eit stikkord på begge plasser. Utlivet er oppdelt både i forhold til kjønn og interesser. Dette gjeld også homoorganisasjonane. Du finn alt frå stader for lær, til organisasjonar og utestader for homofile frå Moskva. Det er også ein organisasjon for aseksuelle, om sex-livet blir for hardt for deg...

Sidan eg er inne på på dette, må eg vel kunna seia at dette er byen som gir ansikt til dei fleste fetisjar. Om du tar deg litt tid, skal eg lova deg at du møter fetisjar som du ikkje visste eksisterte. Så visst du har nokon du kjenner som reiser ofte hit, så skal du ana uråd…

I Berlin er det alltid ein event på gang. Dei to store skeive eventa, er lær-eventen i påskehelga, og feiringa av Christopher street day, med tilhøyrande gatefest i begyelsen av juni. Denne festivalen blir forresten opna av borgermeisteren i Berlin, som er open homofil, og støttar den aktivt. Berlin har hatt homofil borgermeister dei siste 5 åra, og det har gjort at det å vera homofil, rett og slett har blitt klarert og akseptert her. Rathaus Schöneberg, flaggar med regnbogeflagget veka denne eventen er på gang.

Homofili er og synleggjort gjennom eit Schwulenmuseum, med ein parmanet avdeling om homofili i Tyskland. Det har også ei avdeling, der utstillingane skiftar. I vår var denne sett opp i anledning 100-årsdagen for Zarah Leander sin fødsel. Byen har og sitt ”homo-monument”, på Nollendorfplatz.  Dette området var homostrøket på 30- talet, og er det vel for så vidt enno.

Har berre lyst til å ta med eit forhold som frå første øyeblikk gjorde byen tiltrekkjande for ein 54 åring. Og det er det enkle faktum at det er greit å vera 54 årig homse her. Det er lett å møta jamaldrande som ikkje er oppteken av perfekt utsjånad. Du ser på utestadane at folk er både 60, 70 og 80 år. Og i desse miljøa er ikkje folk opptekne av å sjå ut som ein 20 åring. Dei fleste av desse utestadane ligg i enden av Fuggerstrasse, som vender mot Wittenbergplatz.

Om du reiser til Berlin, er det lurt  å gjera litt forarbeid.
Eg bruker helst dei to nettstadane berlin.no og
Friends The Gaymap.

Når du kjem til byen, bør du få fatt i BLUE eller Siegesäule, som du får gratis på dei fleste plassane med regnbogeflagg.
Og om reisebudsjettet ikkje er på topp, kan eg nemna at dei fleste reisene mine dit, kostar under 500 kr t/r. Det er godt mogeleg å skaffa seg overnatting til ca. 30 Eur natta, og du et og drikk svært rimeleg i Berlin. Ein kebab kostar td. ca. 2 Eur.

Takkar til slutt medforfattar Michael Feitel, som går god for faktainformasjon i artikkelen.

Så ha ein god tur til Berlin då!

Helsing Frode Håland
Bergen november 2007

---------------------------------

P.S.
Etter at denne sida blei lagt ut på nettet, mottok vi følgende melding: If someone want to visit Berlin and need some help, I would like to be a tourist-guide (for free).
Hjertelige hilsen Michael fra Berlin

---------------------------------

For å komme i kontakt med Frode eller Michael,
send epost til post@latebloomers.no

- til toppen av sida -

 
 
   
     
(c) LateBloomers.no